

Vårnatt
Den framande familien ber på store indre konfliktar, og desse kjem etter kvart til overflata i den spente atmosfæren som utviklar seg i det nattlege huset. Slik blir dei to unge syskena konfronterte med det problemfylte vaksentilværet. Men midt i omveltinga møter dei båe òg den første, spirande kjærleiken, og får ane kva den byr på av fryd og fare.
Vårnatt er eit lite, tett kammerdrama om sameksistens, om det å leve saman. Boka vart dramatisert og sett opp på Det Norske Teatret i 1992, og filmatisert i 1976 av regissør Erik Solbakken. I 2006 knivast to filmskaparar i USA om filmrettane på nytt, og ein kvinneleg regissør er no i arbeid med prosjektet.
- Kirjailija
- Tarjei Vesaas
- Painos
- 1
- ISBN
- 9788205413641
- Kieli
- nykynorja (nynorsk)
- Julkaisupäivä
- 24.3.2011
- Kustantaja
- Gyldendal
- Formaatti
- Vesileimattu Epub
- Sivumäärä
- 226
- Lue e-kirjoja täällä
- Sovellus
- Lukulaite
- Tietokone