
Våpenlova
Denne boka gjev ein grundig omtale av føresegnene i våpenlova og sentrale føresegner i våpenforskrifta. Vidare vert det også gjeve ein omtale av relevante internasjonale rettsakter, som set dei ytre rammene for den norske våpenlovgjevinga.
Lovkommentaren er eit praktisk oppslagsverk for juristar som kjem bort i våpenlova. Han vil også vere nyttig for våpeneigarar, skyttarlag, næringsdrivande og andre som har behov for kunnskap om våpenlovgjevinga.
Verner Bjerkvik er advokatfullmektig i Norges Bondelag. Frå 2013 til 2019 arbeidde han som seniorrådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet og hadde mellom anna hovudansvaret for å skrive proposisjon til ny våpenlov og høyringsutkast til ny våpenforskrift. Han tok også del i arbeidet med gjennomføring av EU sitt reviderte våpendirektiv (EU) 2017/853 og ulike gjennomføringsrettsakter til dette direktivet.
- Alaotsikko
- Lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon : lovkommentar
- Kirjailija
- Verner Bjerkvik
- Painos
- 1
- ISBN
- 9788215052113
- Kieli
- nykynorja (nynorsk)
- Paino
- 576 grammaa
- Julkaisupäivä
- 13.7.2023
- Kustantaja
- Universitetsforlaget
- Sivumäärä
- 229