Siirry suoraan sisältöön
Tynne rivner av lys
Tynne rivner av lys
Tallenna

Tynne rivner av lys

nykynorja (nynorsk)
Lue sovelluksessa tai lataa laitteellesi
Vinnar av Tarjei Vesaas' debutantpris 2025!

Du må lære meg alt.

Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.

På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.

Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.

Anne-Lise Frøland er med denne boka kåra til vinnar av Tarjei Vesaas' debutantpris 2025. Frå grunngjevinga til juryen heiter det mellom anna: «Mange opplevingar kan få menneska til å kjenne seg små. Tynne rivner av lys er ei allmenngyldig forteljing om dei mørke sidene av menneskelivet, men òg om det gjenstridige håpet som pregar vår felles reise som menneske.» 
Alaotsikko
Roman
Painos
1
ISBN
9788234014888
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Julkaisupäivä
10.3.2025
Kustantaja
Samlaget
Formaatti
  • Vesileimattu Epub
Lue e-kirjoja täällä
  • Sovellus
  • Lukulaite
  • Tietokone