Siirry suoraan sisältöön
Trønderveven 2021
Tallenna

Trønderveven 2021

kirjanorja (bokmål)
Skolehistorie og skolen i museumsformidlinga er gjennomgangstema i denne årboka til Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og Sør-Trøndelag Historielag. Dei ulike bidraga dekker mange forskjellige skoleslag, alt frå allmugeskolar i byen og på landet til lærarseminar, landsgymnas, folkehøgskole og Døveskolen i Trondheim, som var den første spesialskolen i landet. Skolen i museumsformidlinga blir opplyst med døme frå Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og skolemuseet i Råbygda i Skaun. Skole og opplæring har vore ein berebjelke i demokratiutviklinga. Kunnskap og ferdigheiter i ulike fag har gitt barn og unge grunnlag for å bli aktive samfunnsborgarar. Allmugeskolen i Noreg går heile 280 år tilbake i tid, og hundre år seinare kom den organiserte opplæringa for lærarar. Folk med funksjonsnedsetting fekk lovfesta rett til opplæring i 1881, 140 år etter at allmugeskolen vart innført. Latinskolar hadde eksistert i byane frå mellomalderen. På tidleg 1900-tal kom landsgymnasa. Folkehøgskolane vart etablerte i andre del av 1800-talet. Alle desse skoleslaga finn vi representert i den trønderske skolehistoria.
Alaotsikko
Tema: skolehistorie : årbok for Sverresborg Trøndelag Folkemuseum / MiST og Sør-Trøndelag Historielag
Painos
1
ISBN
9788283051261
Kieli
kirjanorja (bokmål)
Paino
416 grammaa
Julkaisupäivä
13.12.2021
Kustantaja
Museumsforlaget
Sivumäärä
145