Siirry suoraan sisältöön
Tetra 9
Tallenna

Tetra 9

sidottu, 2007
nykynorja (nynorsk)
Sarja: Tetra
Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn. Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test – lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven. I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet. Tetra 9 Grunnbok tek opp desse emna: • tal og algebra • likningar • geometri • prosent • sannsynsrekning • funksjonar I tillegg har Tetra 9 regelsamlinga Verktøykassa og fasit.
Alaotsikko
Matematikk for ungdomstrinnet
Painos
1
ISBN
9788252163834
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
840 grammaa
Sarja
Tetra
Julkaisupäivä
17.2.2007
Kustantaja
Samlaget
Sivumäärä
333