Siirry suoraan sisältöön
  1. Kirjat
  2. Lasten- ja nuortenkirjat
  3. 3-6 vuotiaille

Superheltmaska

Kirjailija:
Sidottu, 2022
norjan nynorsk
29,10 €

Hollywood på Vestlandet. Det er endeleg sommarferie. Medan Vanja, Sivert og Mo kosar seg i sola, dukkar det opp ein diger luksusbåt med eige helikopter på fjorden. Ut kjem Alexandra Liu, ei av dei største filmstjernene i verda! Ho skal spele inn ei scene til den nye superheltfilmen om Queen Hero. Vanja, Sivert og Mo tykkjer det er spanande at det skal bli spelt inn film i bygda. Men det blir også mykje trafikk, støy og søppel. Så forsvinn den kostbare superheltmaska til Queen Hero. Regissøren mistenker Klodeklubben. No må dei finne ut kven som står bak tjuveriet, for å reinvaske seg. «Klodeklubben. Superheltmaska» er femte bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn frå 6 år og oppover. Serien er skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Bak i kvar bok er det miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.

Painos
1
ISBN
9788234007989
Kieli
norjan nynorsk
Paino
290 grammaa
Julkaisupäivä
27.7.2022
Sivumäärä
77