
Språkreisa
Ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav, og språkreisa tek til i dag med norskens plass i det globale språksamfunnet. Lomheim guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnordisk gradvis gjekk over til å bli norrønt som vikingane så tok med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Den kunnskapsrike språkdirektøren syner korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt, og korleis menneska gjennom historia har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov. Reisa sluttar ved å vende blikket framover. Vegen vidare er uviss. Trass i ulike tema og mange avstikkarar har reisa éin tydeleg tråd, og det er at ord og samfunn til alle tider står i forhold til kvarandre. Det er ikkje dermed slik at språket styrer samfunnet – det er samfunnet som styrer språket. Slik var det i steinalderen, og slik er det i skjermalderen. Denne mangfaldige framstillinga av språkhistoria vil fryde både ihuga språkelskarar og dei språkinteresserte som ønskjer å vite meir om språkutvikling. Bli med på ei spennande språkreise!
- Alaotsikko
- Norsk gjennom to tusen år
- Kirjailija
- Sylfest Lomheim
- Lukija
- Hallvard Lydvo
- Painos
- 1
- ISBN
- 9788202676452
- Kieli
- nykynorja (nynorsk)
- Julkaisupäivä
- 2.7.2020
- Kustantaja
- Cappelen Damm
- Formaatti
- MP3 - yksi tiedosto
- Soittoaika
- 24tuntia 37minuuttia
- Kuuntele äänikirjoja täällä
- Sovellus
- Tietokone