Siirry suoraan sisältöön
Språkplanlegging og språkstrid
Tallenna

Språkplanlegging og språkstrid

nykynorja (nynorsk)
Det har lenge vore stor internasjonal interesse for norsk språkplanlegging og språkstrid etter 1814. Heilt frå Harvard-professoren Einar Haugen studerte språkstriden i Noreg, og utvikla forskingsfeltet språkplanlegging på 1960-talet, har nyare norsk språkpolitikk og språkutvikling hatt ein sentral posisjon i den internasjonale teoridiskusjonen innan språkplanlegging.
Denne boka analyserer og drar linjer gjennom heile 200-årsperioden frå unionoppløysinga i 1814 til i dag. Det er eit godt høve til å gjera ein slik analyse no. Med reformene i 2005 for bokmål og i 2012 for nynorsk er vi nemleg tilbake til ein situasjon der dei to målformene blir normerte kvar for seg og utan omsyn til kvarandre – slik det var for landsmål (nynorsk) i 1901 og for riksmål (bokmål) i 1907, før samnorskpolitikken. I tida imellom reformene tidleg på 1900-talet og no – og før, på 1800-talet – ligg periodar med politisk unike språksosiale eksperiment, som det ikkje finst kjende parallellar til nokon stad i verda. Det er ikkje noko å undrast over at verda rundt oss er interessert i denne politikken, når ein ser resultatet i dag: To norske skriftmålsformer som kvar for seg har vide rammer for ulike ord og ordformer, og eit land med meir dialektbruk enn i noko anna europeisk land. Denne boka fortel korleis og kvifor Noreg er blitt eit slikt språkleg annleisland.
Alaotsikko
Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814
Painos
3
ISBN
9788283901870
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
310 grammaa
Julkaisupäivä
23.1.2026
Kustantaja
Novus forlag
Sivumäärä
159