Siirry suoraan sisältöön
Språkmøte i barnehagen
Tallenna

Språkmøte i barnehagen

nykynorja (nynorsk)
Denne boka viser fram det språklege mangfaldet i norske barnehagar. I dagens barnehagar går det barn med ulike språk og dialektar, og nokre har forseinka eller avvikande språkutvikling. Forfattarane diskuterer korleis barn utviklar språk, kva for strategiar dei bruker, og korleis ein kan stimulere språkutviklinga deira. Ulike kartleggingsmetodar og språkstimuleringstiltak blir også drøfta i boka. Dei faglege innsiktene er rikt eksemplifiserte med reelle døme. Målet er at boka skal gi kommande barnehagelærarar kunnskap til å forstå og handtere mangfaldet dei møter i den moderne barnehagen, slik at dei har eit godt utgangspunkt for å kunne arbeide med språk saman med alle barn. Hovudmålgruppa for læreboka er studentar i barnehagelærarutdanninga, men boka er eigna for alle som studerer og interesserer seg for einspråkleg og fleirspråkleg språklæring. Forfattarane i boka: Ann-Kristin Helland Gujord er tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i Bergen. Magnhild Selås er tilsett ved Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder. Edit Bugge er tilsett ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, Høgskulen på Vestlandet, og Randi Neteland er tilsett ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda.
Painos
2
ISBN
9788245048995
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
400 grammaa
Julkaisupäivä
30.7.2024
Kustantaja
Fagbokforlaget
Sivumäärä
218