Siirry suoraan sisältöön
Soga om Fridtjov den frøkne
Tallenna

Soga om Fridtjov den frøkne

sidottu, 2023
nykynorja (nynorsk)
Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet «Edda» i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius. «Soga om Fridtjov den frøkne» er ei av dei mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg. Soga handlar om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Etter at kongen døde, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er imot eit bryllaup mellom dei to. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike. Nobelprisvinnaren si nye omsetjing er basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Soga er ei underhaldande og lettlesen forteljing som gjev godt innsyn i tru og skikkar i vikingtida.
Kääntäjä
Jon Fosse
Painos
2
ISBN
9788279593799
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
166 grammaa
Julkaisupäivä
28.11.2023
Kustantaja
Skald
Sivumäärä
83