Siirry suoraan sisältöön
Personnamnarbeid av P.A. Munch
Tallenna

Personnamnarbeid av P.A. Munch

Kirjailija:
sidottu, 2016
kirjanorja (bokmål)
Historikaren P.A. Munch (1810-63) er mest kjend for det store verket Det norske Folks Historie (1852-63), men han gjorde òg banebrytande arbeid i geografi (med kartografi), etnografi, genealogi, myteforsking, runologi, edisjonsfilologi, norrøn språkvitskap og namnegransking. Arbeida om personnamn (1849, 1854 og 1857) kjem her for første gongen i ei samla utgåve med faghistorisk innleiing, tekstkritiske merknader og register. Tilfanget omfattar over 4000 namn med variantar og gjev eit eineståande utsyn over norsk og germansk namnehistorie. Munch går grundig inn på både etymologi, ordtyding, lagingsmåtar, lydhistorisk utvikling og skriftformer. Siktemålet med artiklane var primært kulturelt og ideologisk, med klåre vurderingar og råd, men Munch la samtidig eit vitskapleg grunnlag av avgjerande verdi for personnamngranskinga i Norden. Med denne utgåva får Munch att sin sjølvsagde plass i faghistoria, og registra gjer det lett å finne kva han seier om dei einskilde namna. Kristoffer Kruken (f. 1950 i Leksvik) er professor i namnegransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekkje artiklar om etterreformatoriske personnamn og elles gjeve ut Norsk personnamnleksikon (3. utgåva 2013), Sophus Bugges brev (I-III, 2004) og Ivar Aasen: Norsk Navnebog (1878; 1997), Ordbog over det norske Folkesprog (1850; 2000) og Norsk Ordbog (1873; 2003), dei tre siste i samarbeid med professor Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
Kirjailija
P.A. Munch
Painos
1
ISBN
9788270998623
Kieli
kirjanorja (bokmål)
Paino
891 grammaa
Julkaisupäivä
20.10.2016
Kustantaja
Novus
Sivumäärä
293