Siirry suoraan sisältöön
Pericle den svarte
Tallenna

Pericle den svarte

nykynorja (nynorsk)
"Eg heiter Pericle Scalzone. Eg er trettiåtte år. Eg er litt feit og har nokre grå hår, fordi far min også hadde dei, som mor mi seier. Av yrke tek eg folk i ræva. Eg slår dei i svime med ein liten sandsekk, så bind eg dei med handledda mot anklane overskrevs på ein stol eller eit bord, og til slutt brukar eg antibiotisk krem for å få pikken til å gli lettare." Så enkelt og så brutalt presenterar hovudpersonen i denne spenningsromanen av den italienske kultforfattaren Guiseppe Ferrandino seg sjølv. Han opererer langt nede i gradane i den napolitanske mafiaen, og har kroppslege overtalingar som si spesialoppgåve. Ein dag går eit av oppdraga hans galt, og Pericle må rømme frå byen... Pericle den Svarte er ein noir frå den sleipe brusteinen i hjartet av Napoli, og vart ein bestseljar då den kom ut, først i Frankrike (1993), så i Italia (Adelphi 1998). Rå og til tider bestialsk, men ikkje pulp; flådd for kjensler og utanomsnakk, dialogdriven med ei stram historie og ein lite tiltalande hovudperson som går lei av å vere eit simpelt beist, og gjer det ein må gjere, for sjølv å kunne kommandere. Dette er og ei historie som gravlegg mange av dei glorifiserande mytane om den mafiose mobben, og er slik del av ein ny litterær giv blant unge napolitanske forfattarar, som på ulikt vis tek opp dei sosiale tilhøva i denne kaotiske hamnebyen.
Kääntäjä
Kristin Sørsdal
Painos
1
ISBN
9788281870161
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
171 grammaa
Julkaisupäivä
13.5.2008
Kustantaja
Baskerville
Sivumäärä
136