Siirry suoraan sisältöön
Norwegen, schönes Land!
Tallenna

Norwegen, schönes Land!

Kirjailija:
sidottu, 2017
nykynorja (nynorsk)
Norske motiv skildra av tyske soldatkunstnarar. Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i tyskproduserte månadsmagasin og tidsskrift. Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Med 144 illustrasjonar i utval gir han her eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var. Målgruppa var eit tysk publikum - ved at okkupantane sende postkort eller fine kunstmapper til slekt og venner i heimlanda, men reproduksjonane var også til sals i Tyskland. Med stort sett nøytrale og fredelege motiv og landskapsskildringar frå Jæren, Stavanger, Preikestolen og Haugesund i sør, via Bergen, Sogn og Trondheim, til Narvik, Tromsø og Nordkapp i nord kunne dei med desse reproduksjonane vise den nordiske delen av det storgermanske riket.
Alaotsikko
Tyskprodusert fredspropaganda i krigens Norge, 1940-1945
Kirjailija
Einar Økland
Painos
1
ISBN
9788252192421
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
877 grammaa
Julkaisupäivä
22.3.2017
Kustantaja
Samlaget
Sivumäärä
145