Siirry suoraan sisältöön
Norrøn grammatikk i hovuddrag
Tallenna

Norrøn grammatikk i hovuddrag

Kirjailija:
sidottu, 2015
nykynorja (nynorsk)
Norrøn grammatikk i hovuddrag er ein grammatikk over det språket som vart talt og skrive i Noreg og på Island og vesterhavsøyane i mellomalderen, med eit tyngdepunkt på 1200-talet. Frå dette og det neste hundreåret har vi rikeleg med skriftlege kjelder, både i form av handskrifter og brev. Grammatikken er skriven med tanke på studentar ved høgskolar og universitet, men framstillingsforma er slik at den skulle vere tilgjengeleg også for ein vidare krins. Til hjelp for lesarane har grammatikken ei ordliste der alle fagutrykka er forklarte. Grammatikken skil seg ut ved å ha eit gjennomført samtidig blikk på det norrøne språket slik det var i høgmellomalderen. Det vil seie at i staden for å bruke nemningar på ord- og bøyingsklasser frå urnordisk, brukar grammatikken ei inndeling som synkront er i samsvar med det norrøne språket, og som dermed er lettare å jamføre med moderne norsk. Odd Einar Haugen er professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gjeve ut andre læremiddel i norrønt, m.a. Norrøne tekster i utval (1994) og Grunnbok i norrønt språk (4. utg. 2001). Vidare har han redigert Handbok i norrøn filologi (1. utg. 2004, 2. utvida utg. 2013). Både handboka og denne grammatikken er også utgjevne på tysk.
Painos
1
ISBN
9788270998302
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
494 grammaa
Julkaisupäivä
5.12.2015
Kustantaja
Novus
Sivumäärä
192