Siirry suoraan sisältöön
  1. Kirjat
  2. Tietokirjallisuus
  3. Historia

Margrethes oppskrifter

Sidottu
norjan nynorsk
48,00 €

I 1826 er Margrethe Schjødt Mørch Parelius frå handelsstaden Hopsjøen på Hitra 24 år gammal. Ho skal gifte seg om eit års tid, og no gjer ho seg klar for ei ny rolle i livet sitt. Snart skal ho styre hus og heim, bli husmor og ta ansvar for maten, kleda og alle store og små gjeremål som ei 1800-talskvinne må klare ut med. Margrethe finn fram ei skinninnbunden lita bok og fyller dei blanke sidene med oppskrifter som ho gjennom det unge livet sitt har samla og tatt vare på. Det meste handlar om mat og matlaging, men ho skriv også om farging av garn og tøy og fører inn nyttige råd av ulike slag. To hundre år seinare blir oppskriftsboka gitt i gåve til Kystmuseet i Sør-Trøndelag, og no kjem oppskriftene til Margrethe for første gong i trykt utgåve. Svein Bertil Sæther har tolka og tilpassa oppskriftene, og i tillegg er fleire av oppskriftene prøvde ut og oppdaterte av lærarar i restaurant- og matfag på Guri Kunna videregående skole. Boka er rikt illustrert.

Alaotsikko
Samla av Margrethe Schjødt Mørch Parelius Lund
ISBN
9788283051971
Kieli
norjan nynorsk
Paino
518 grammaa