Siirry suoraan sisältöön
Lorden
Tallenna

Lorden

Kirjailija:
sidottu, 2024
nykynorja (nynorsk)
"Lorden" er ein oppslukande og urovekkjande roman, mørkt lysande og full av vrimlande menneskeliv. Saman med "Tollak til Ingeborg" og "Du er så lys" dannar den ein trilogi av psykologiske mysterieromanar om utsette og desperate menn. Jon Magne Moi er pensjonert lærar og entusiastisk formann historielaget i bygda. Ein dag finn Jon Magne ei ung jente i snøen. Det er den lokale barnestjerna som ligg der, forslått og medvitslaus. Jon Magne er overtydd om at han veit kva som har skjedd, og no skal han konfrontere den skuldige. Kven i bygda står bak ugjerninga? Og kva er det denne mørke hendinga vekkjer i Jon Magne? Tore Renberg er ein meister i å ta oss med over terskelen og inn i det krakelerande menneskesinnet. I "Lorden" kombinerer han litterær dristigheit og språkleg fingerspisskjensle med stor omsorg for det menneskelege. Eit djuptpløyande og intenst mannsportrett, skrive med ei særeigen psykologisk innsikt.
Alaotsikko
Roman
Kirjailija
Tore Renberg
Painos
1
ISBN
9788249528806
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
446 grammaa
Julkaisupäivä
19.9.2024
Kustantaja
Oktober
Sivumäärä
295