Litt for snill
Dagfinn er veldig snill. Og dessutan er han rågod til å sjonglere! Ein dag ser han at det skal vere ein talentkonkurranse i byen, og han bestemmer seg for å melde seg på. Dette liker ikkje dei såkalla venene hans, Gerd, Sjur og Britt. Første-, andre- og tredjeplassen i talentkonkurransen skal nemleg dei ha, for det har dei bestemt. I tur og orden lurer dei snille Dagfinn til å gi frå seg sjongleringsballane til dei. Til slutt har han berre éin ball igjen! Og det går vel ikkje an å sjonglere stilig på talentshow om ein berre har ein ball?
Litt for snill er ei bildebok om sjalusi og misunning, og om kva det eigentleg vil seie å vere ein god ven.
- ISBN
- 9788234010330
- Kieli
- norjan nynorsk
- Paino
- 420 grammaa
- Julkaisupäivä
- 17.2.2025
- Kustantaja
- Det Norske Samlaget
- Sivumäärä
- 49
