Siirry suoraan sisältöön
  1. Kirjat
  2. Lasten- ja nuortenkirjat

Leseteater 1

220,40 €

Pakke med 10 stykk Leseteater 1 Leseunivers frå Cappelen Damm

Leseteater er tekstar som består av replikkar. Desse kan elevane lese i rolle, anten for seg sjølv, i par eller i grupper. Tekstane er populære hos elevane fordi det er gøy å gjere lesinga sosial, fordi dei ofte blir mindre nervøse av å lese høgt når dei gjer det i rolle, og fordi dei får pustepausar i lesinga under dei andre sine replikkar.

Med desse tekstane øver elevane opp leseflyten, og dei får høve til repetert lesing. Ikkje minst eignar tekstane seg ypparleg til dramatisering.

Leseteater 1 inneheld morosame, nyskrivne tekstar av Pia Tveterås og Kristin Linnesholm. Dei har humoristiske og fargerike illustrasjonar av Hans Jørgen Sandnes. Bøkene blir gitt ut i samband med Leseunivers frå Cappelen Damm.

Les meir om Leseunivers på cdu.no

Alaotsikko
10 stykk Leseunivers frå Cappelen Damm
ISBN
9788202916725
Kieli
norjan nynorsk
Paino
520 grammaa