Siirry suoraan sisältöön
  1. Kirjat
  2. Novellit, runous ja näytelmät
  3. Runous

Låglandssongar

Kirjailija:
Sidottu, 2026
norjan nynorsk
35,30 €

I Låglandssongar tek Finn Øglænd lesaren med på ei melankolsk, rastlaus og attkjenneleg vandring gjennom gatene i Stavanger. Gjennom usentimentale observasjonar skildrar Øglænd ein by og eit samfunn i endring. Det blir trekt liner frå det nøkterne fiskebondelivet i Tananger i eldre tider til eit moderne, gentrifisert landskap prega av oljerikdom, «corporate power» og Porschar. Midt i dette står ein aldrande, sjølverklært «gårsdagens mann» som verken søker trøyst i religion, ideologiar eller jakt på status. Han lyttar til country og Nirvana, kjøper brukte CD-ar på Gjenbruken, nyt ein billeg pils og prøver å avkle byen sitt mysterium på dei daglege vandringane sine. Låglandssongar er ei djupt menneskeleg og bekmørkt humoristisk diktsamling for alle som har innsett at livet kanskje ikkje blei eit storslått epos, men som likevel held det gåande gjennom livets sluddbyger.

Alaotsikko
Dikt
Kirjailija
Finn Øglænd
ISBN
9788256032334
Kieli
norjan nynorsk
Paino
211 grammaa
Julkaisupäivä
23.4.2026
Sivumäärä
62