Siirry suoraan sisältöön
  1. Kirjat
  2. Novellit, runous ja näytelmät
  3. Runous

Kvilestein

Sidottu, 2026
norjan nynorsk
28,80 €

Denne diktsamlinga spenner vidt i tematikk og tone, frå det inderlege til det leikande. I dikta "Ingenting var som før" og "Lilje" kjem det autentiske, kjenslemessige nær innpå. I "Sorga" trollbind Bonenberger med si knappe form. "Strå" og "Kvilestein" opnar opp for refleksjon utan å verta påtrengjande, to berande dikt i samlinga. Innhaldet i boka er variert, og har er mange gode lommer å dvela ved, som i "Smultring", ei smidig og vellukka personifisering av den velkjende godsaka, og i "Vesle larve", der ho heng dinglande i puppa og på mystisk vis sprengjer seg gjennom veggene og faldar seg ut til ein vakker fivreld, ein sommarfugl er fødd.  Bonenberger får i denne diktsamlinga fram noko av det  særeigne ved diktinga si, ein form for kontemplativ humor, der både glede og djupn går hand i hand. Hans Günther Bonenberger er fødd 1950 i Neuruppin (DDR). Saman med mor og søster flykta han til Vest-Berlin i 1955. I 1957 vart han send på feiteferie til Noreg som Berlinerbarn og bortadoptert der. Bonenberger debuterte med diktsamlinga Lealaus grind – Alt heng saman i 2022, og kom med Høytørkeseng i 2023 og Mellom jord og himmel i 2024.

Alaotsikko
Med lavete rygg ...
ISBN
9788283985542
Kieli
norjan nynorsk
Paino
161 grammaa
Julkaisupäivä
22.4.2026
Sivumäärä
48