Siirry suoraan sisältöön
Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring
Tallenna

Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring

Kirjailija:
nykynorja (nynorsk)
Kva skal til for at kvalitetsvurdering skal stimulere til organisasjonslæring på den enkelte skole? Kan kommunar og fylke bli meir solide skoleeigarar gjennom aktiv bruk av nasjonale prøver, elevundersøkingar, tilstandsrapportar og statlege tilsyn? Korleis unngår ein at kvalitetsarbeidet blir eit ritual som i liten grad fører til betre undervising og læring? Dette er sentrale spørsmål i denne boka, som rettar søkelys mot kvalitetsdiskursen både nasjonalt og internasjonalt. Forfattaren ser på korleis leiing av kunnskapsutviklande prosessar krev førebuing, gjennomføring og oppfølging som skil seg frå tradisjonelt forvaltningsarbeid. Gjennom utvikling av systemiske samhandlingsmønster kan skolar og skoleeigarar etablere lokalt handlingsrom som styrker undervisnings- og læringsarbeidet. Samstundes kan kvalitetslogikken også auke avstanden mellom skolar, kommunalsjefar, rådmenn og politikarar. Målgruppa for boka er fagpersonar, leiarar og studentar som arbeider med spørsmål om kvalitetsvurdering og organisasjonslæring. Knut Roald er dosent ved Høgskolen på Vestlandet med leiing, kvalitetsarbeid og organisasjonslæring som forskingsområde Han har bakgrunn som rektor, kommunalsjef og leiar av industriverksemder. Forfattaren er knytt til masterprogram i utdanningsleiing og har fagleg ansvar for studietilbod innanfor den nasjonale rektorutdanninga.
Alaotsikko
Når skole og skoleeigar utviklar kunnskap
Kirjailija
Knut Roald
Painos
1
ISBN
9788245013450
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
500 grammaa
Julkaisupäivä
20.6.2012
Kustantaja
Fagbokforlaget
Sivumäärä
258