Siirry suoraan sisältöön
Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset
Tallenna

Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset

sidottu, 2023
nykynorja (nynorsk)
Sigrid Undset sin romantrilogi Kristin Lavransdotter er eitt av dei viktigaste verka i norsk litteratur. Forteljinga, som føregår i Noreg i første halvdel av 1300-talet, gir ei eineståande og sterk skildring av eit heilt menneskeliv, og følgjer Kristin Lavransdotter i ein boge frå ungdom og attrå, gjennom vaksenliv og samliv fram til alderdom, ettertanke og religiøs grunding.

Romantrilogien handlar om den store kjærleiken og dei store svika, om lengt, kvardagsliv og om søking etter meining, om tilgjeving, sorg og anger. Trass i at romanen kom ut for over hundre år sidan, med ei handling sett sju hundre år tilbake i tid, er dei menneskelege dilemma like gripande og enkle å kjenne seg igjen i.

Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag har dramatisert alle dei tre delane av trilogien. Karakterane i romanen vert her med-forteljarar til kvarandre si historie, av og til kommenterer dei kvarandre, av og til fortel dei frå djupet av seg sjølve. Slik vert Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset ein særs levande, dynamisk, fortetta – og innimellom humoristisk – versjon av opphavsverket.

Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset er omsett til nynorsk av Gunnhild Øyehaug. Stykket blei første gong oppført på Det Norske Teateret hausten 2022.
Alaotsikko
Skodespel
Kääntäjä
Gunnhild Øyehaug
Painos
1
ISBN
9788205584334
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
687 grammaa
Julkaisupäivä
7.8.2023
Kustantaja
Kolon
Sivumäärä
794