Siirry suoraan sisältöön
Kortreist gatemat
Tallenna

Kortreist gatemat

sidottu, 2022
nykynorja (nynorsk)
Kortreist gatemat blandar urnorske råvarer og tradisjonsmat med smakar frå andre verdskjøken. Her får du oppskrifter på nydeleg street food «på norsk». Til dømes Poke Bowl frå Hawaii med norsk laks og koreansk Bulgogi med norsk hjort. Til dessert kan det kanskje smake med spanske Churros med rørte blåbær og brunostdip? Kortreist gatemat viser korleis du kan bruke råvarer du alt har heime eller lett kan få tak i: Grønsaker, frukt og bær frå hagen og fjellet, fisk og skaldyr frå fjorden. Eller lokalt kjøtt av sau, geit og hjort, dyr som ved beiting steller landskapet vårt. Kortreist gatemat inneheld omtrent 70 oppskrifter på middagar, smårettar og søte freistingar. I tillegg får du rundt 100 grunnoppskrifter på majonesar, sausar, marinadar, bakst, rører og ulike tilbehøyr. Kortreist gatemat har tips til råvarer og utstyr som gjer matlaginga enklare, til redyrking av grønsaker og til korleis du kan utnytte restematen. Kvar oppskrift har forslag til vegetarisk alternativ og QR-kode med handleliste. Håpar det smakar!
Alaotsikko
Smak av verda med råvarer frå fjord og fjell
Painos
1
ISBN
9788282401807
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
926 grammaa
Julkaisupäivä
9.8.2022
Kustantaja
Selja Forlag
Sivumäärä
208