Siirry suoraan sisältöön
Kanelbutikkane og andre forteljingar
Tallenna

Kanelbutikkane og andre forteljingar

Kirjailija:
nykynorja (nynorsk)
Bruno Schulz (1892-1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Den særeigne stilen og forteljemåten til Schulz har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust og har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag. «Kanelbutikkane og andre forteljingar» skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga «Kanelbutikkane» (1934) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym. Denne teksten blei først oppdaga i 2019. Schulz skreiv i eit landskap mellom røynd og draum og frå eit område som har høyrt heime både i aust og vest, ein kulturell smeltedigel, ein plass for store politiske omveltingar og stadig skiftande grenser. Han stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Kirjailija
Bruno Schulz
Painos
1
ISBN
9788279593539
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
184 grammaa
Julkaisupäivä
25.5.2023
Kustantaja
Skald
Sivumäärä
134