Siirry suoraan sisältöön
Islandsk barnestrikk
Tallenna

Islandsk barnestrikk

Klassisk og moderne frå Island! Islandsk barnestrikk inneheld både klassiske og moderne oppskrifter til barn frå eitt år og fram til skulealder. Her får du oppskrifter på tradisjonelle genserar og jakker med nydeleg islandsk mønster, men også kjolar, heile dressar og varme bukser. Her er også mindre prosjekt som sokkar, luer og halsar. Plagga er særskilt tilpassa barnehageungar, og kleda er behagelege, varme, og godt eigna til eit nordisk klima. Til oppskriftene er det fleire ulike garnalternativ. Du kan velje mellom tradisjonell islandsk ull og andre gode garn, og du kan bruke garn i ulike prisklassar. Her finn du alt frå enkle oppskrifter for nybyrjarar til meir avanserte utfordringar for dei meir erfarne. Forfattarane er røynde strikkarar som har designa og strikka barneklede i årevis. Boka er omsett av Aud Søyland.
Kääntäjä
Aud Søyland
Painos
1
ISBN
9788252197099
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
470 grammaa
Julkaisupäivä
16.8.2018
Kustantaja
Samlaget
Sivumäärä
125