Siirry suoraan sisältöön
Inn i livet 3
Tallenna

Inn i livet 3

Inn i livet er eit læreverk for RLE-faget 1.-7. trinn. RLE-faget er stort og omfattande, men Inn i livet gir faget struktur og oversikt. Ved å gå frå det nære til det fjerne vil elevane møte kunnskapsstoffet med deira eigen kvardag som utgangspunkt. Gjennom tekstar og oppgåver gir vi elevane eit tematisk og samanliknande perspektiv på religionar, livssyn og etikk. Inn i livet er utarbeidd etter læreplanen frå 2008. Ressursboka er oversiktleg og lett å bruke. Boka tek kronologisk for seg alle oppslaga i elevboka og kjem med nyttig informasjon og praktiske tips til undervisninga. Her får du forklaringar, forslag til undervisningsopplegg, oppgåver og aktivitetar. Vi gir ulike tips til korleis ein kan gjennomføre den filosofiske samtalen og konkrete opplegg for arbeid med musikk, illustrasjonar og bilete frå bøkene. I tillegg er det sett opp kva mål i læreplanen som blir dekte, og kva for ferdigheiter elevane blir trena i. Oppgåvene i ressursboka har ulik vanskegrad. I tillegg har ressursboka mange kopioriginalar og eit eige metodekapittel. Ressursboka inneheld forteljingar og høgtlesingstekstar. Forteljingane er både språkleg og innhaldsmessig tilpassa aldersgruppa, og ein finn forslag til undervisningsopplegg og oppgåver knytte til tekstane.
Alaotsikko
Ressursbok for læraren : religion, livssyn og etikk
Painos
1
ISBN
9788252177930
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
740 grammaa
Julkaisupäivä
1.11.2011
Kustantaja
Samlaget
Sivumäärä
141