Siirry suoraan sisältöön
  1. Kirjat
  2. Tietokirjallisuus
  3. Talous ja johtaminen

Habeas corpus

Sidottu, 2022
norjan nynorsk
38,60 €

Korleis leva anstendig i ein verden der individualismen er einerådande, der samhald og kollektivt ansvar er i vanry, og pengar og makt dei einaste måla på framgang og lykke?

Gjennom eit tjuetals ulike livshistorier frå vår samtid og nære fortid fortel Habeas Corpus om kvinner og menn som prøver å leva så sant og rett dei kan, ut frå dei lover og reglar som gjeld i samfunnet. Liva deira blir vikla inn i kvarandre, vikla inn i den store historia og inn i krefter som er sterkare enn dei sjølve. Vi er i Norge, i Europa, i Nord- og Sør-Amerika.

Når andre gjer urett, kan vi straffa og boikotta dei; korleis boikottar vi oss sjølve?

Kva med den lovlydige, når lov blir urett?

Kjartan Fløgstad er ein av våre mest markante litterære stemmer. Han har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris.

Alaotsikko
Roman
Painos
1
ISBN
9788205569614
Kieli
norjan nynorsk
Paino
355 grammaa
Julkaisupäivä
8.8.2022
Sivumäärä
317