Siirry suoraan sisältöön
Grammatikk og rettskriving: nye rammer for språknormering
Tallenna

Grammatikk og rettskriving: nye rammer for språknormering

nykynorja (nynorsk)
Denne boka skildrar korleis generativ grammatikk kan tilby både ei prinsipiell forståing og konkrete retningsliner med omsyn til språknormering. Tradisjonelt har ikkje syntaktisk teori hatt ein sentral plass i normeringa ettersom syntaks ikkje er emne for normering på same måte som til dømes ortografi og bøying. Diskusjonen i boka viser likevel at generativ grammatikk har fruktbare konsekvensar i ein normeringssamanheng. Det overordna argumentet er at fastsette språknormer bør utformast med basis i internaliserte grammatiske språknormer. Dette er sjølve forskings.objektet i generativ grammatikk, og innsikt i denne intuitive grammatikkompetansen viser korleis språket opptrer naturleg, noko det er høgst relevant å utleie prinsipielle retningsliner for normeringa frå. Språklege fenomen som leksikalsk kreativitet, fleksibilitet og språkblanding demon.strerer vidare at språkkompetansen er organisert med fleksible leksikalske element og eit fast og robust grammatisk rammeverk for bøyinga. Følgjeleg bør språknormeringa skje med ulike strategiar for ordstammar og bøying: med lause tyglar for ordstammane, men eit stramt grep om bøyinga. Brita Ramsevik Riksem (f. 1987) er stipendiat ved Institutt for språk og litteratur, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.
Alaotsikko
Nye rammer for språknormering
Painos
1 (2016)
ISBN
9788270998685
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
291 grammaa
Julkaisupäivä
16.11.2016
Kustantaja
Novus
Sivumäärä
159