Siirry suoraan sisältöön
Gjeldsslaven Europa
Tallenna

Gjeldsslaven Europa

Kirjailija:
sidottu, 2012
nykynorja (nynorsk)
Denne boka byggjer på ein artikkelserie, skriven for vekeavisa Dag og Tid. Forfattaren, Jon Hustad, har reist gjennom fleire europeiske land - Hellas, Tyskland, Italia, Island og Irland - for å dekkja finans- og euro.krisa. I artiklane ser han nærare på årsakene til at vi fekk den store økonomiske krisa, og kva som kan gjerast for å koma ut av henne. Gjeldsslaven Europa. Ein guida tur i finansielle ruinar er ein historisk dokumentasjon og vil gjera at eurokrisa - som er lite dekt og forstått i Noreg - no kan verta betre kjeldelagd. Jon Hustad gjev med dette eit naud.synt bidrag til vår tids kan henda viktigaste debatt. Jon Hustad (f. 1968) er historikar av utdaning og arbeider som journalist i vekeavisa Dag og Tid. Han har tidlegare gjeve ut fire bøker: Skolen som forsvann (2002), 14 menn og 1 kvinne (2004), Hjørundfjorden (med Per Eide, 2005) og Varsleren (2006). Bøkene til Hustad har fått gode kritikkar, og han har motteke prisar for forfattarskapen sin.
Alaotsikko
Ein guida tur i finansielle ruinar
Kirjailija
Jon Hustad
Painos
1
ISBN
9788279901259
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
340 grammaa
Julkaisupäivä
30.5.2012
Kustantaja
Vidarforlaget
Sivumäärä
154