Siirry suoraan sisältöön
Frosten og døden
Tallenna

Frosten og døden

Det er den kaldaste vinteren på mange år i Lom. Folk held seg stort sett inne ved omnane. Berre frå eitt hus stig det ikkje røyk frå pipa. Der bur Agnes Skarstulen, ei merkeleg, eldre kvinne, mislikt og frykta i grannelaget. Så blir Agnes funnen død i snøen, drepen. Smått om senn avdekkjer etterforskinga ei svært dramatisk livshistorie. Men er det der svara ligg? Saka tek ei ny, dramatisk vending da meisterkokken Arne Brimi finn eit nytt drapsoffer på BrimiBue, familierestauranten som ligg vegg i vegg med lensmannskontoret. Den fjerde kriminalromanen frå forfattarduoen Kroken & Kolden jaktar etterforskarane Seljestad og Vold ein dristig og dyktig, men òg desperat gjerningsperson. Frosten og døden handlar om einsemda på bygda, om korleis eit menneske kan forsvinne inn i isolasjon sjølv om grannane bur berre nokre titals meter unna, i ei bygd der alle trur dei kjenner alle.
Alaotsikko
Kriminalroman
Kirjailija
Vigdis Kroken
Painos
1
ISBN
9788252196115
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
380 grammaa
Julkaisupäivä
8.10.2018
Kustantaja
Samlaget
Sivumäärä
335