Siirry suoraan sisältöön
Frå Nora til Karl Ove
Frå Nora til Karl Ove
Tallenna

Frå Nora til Karl Ove

Kirjailija:
nykynorja (nynorsk)
Lue sovelluksessa tai lataa laitteellesi
Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro har nylese mengder av norsk skjønnlitteratur og valt å portrettere og skildre korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i fleire v dei beste norske bøkene hgjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar». Her får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Oskeladden, Wergelands Stella og Petter Dass i eigen person. Du kan lese om opprørske Inger-Johanna i Familien på Gilje, Tusten hos Tarjei Vesaas og den gåtefulle «Lillelord» hos Johan Borgen. Ikkje minst får du vite meir om personar frå vår tids litteratur, som incestofferet Bergljot hos Vigdis Hjorth, kemner Bjørn Hansen hos Solstad og den heilt gjennomsnittlege Harry Lund i Gryttens Bikubesong. Frå Nora til Karl Ove er ei engasjerande og underhaldande bok, som opnar opp den norske litterære gullrekka for gamle og nye lesarar. Jan H. Landro (f. 1948) er tidlegare journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Han har skrive ei rekkje bøker, mest om litteratur. Landro er i dag frilansjournalist og ein populær «bokbadar» og føredragshaldar.
Alaotsikko
Og 84 andre personar i norsk litteratur
Kirjailija
Jan H. Landro
Painos
1
ISBN
9788252194739
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Julkaisupäivä
24.1.2018
Kustantaja
Samlaget
Formaatti
  • Vesileimattu Epub
Sivumäärä
510
Lue e-kirjoja täällä
  • Sovellus
  • Lukulaite
  • Tietokone