Siirry suoraan sisältöön
For Norge, kjempers fødeland
Tallenna

For Norge, kjempers fødeland

Kirjailija:
sidottu, 2007
nykynorja (nynorsk)
Portrett av tolv sentrale og til dels myteomspunne personar frå 'dansketida', frå reformasjonen i 1536 og fram til 1814. Desse tolv personane opplevde alle spenninga mellom det norske og det danske. Anten som representantar for ein norsk elite som vart trengt til sides, som framstormande patriotar, eller som embetsmenn som fekk oppleve den norske motstanden på kroppen. Blant dei tolv møter vi erkebiskop Olav Engelbrektsson som måtte rømme landet, krønikeskrivaren Absalon Pedersson og kona hans, Anna Pedersdotter, som vart brent som heks, villstyringen Peter Wessel Tordenskiold som vart admiral og sjøhelt, den uredde bondeopprøraren Kristian Lofthus, og sist - men ikkje minst - martyren Hans Nielsen Hauge, grublaren som skapte ei folkerørsle. I framstillinga er alle landsdelar og mange miljø representerte, og slik gir dette ein fargerik kavalkade gjennom 300 års norsk historie. Forfattaren har lagt stor vekt på å vise korleis personane var prega av dei miljøa og den kulturen dei levde i - dei sosiale nettverka, familierelasjonane, tilhøvet mellom kvinner og menn, vennskap, konfliktar og maktkampar. Spenninga mellom det danske og det norske går igjen i alle portretta, og slik er boka også eit innlegg i den pågåande historikardebatten om det danske styret i perioden. Øystein Rian er professor i historie ved Universitetet i Oslo, der han særleg har arbeidd med politisk og sosial historie 1500 til 1814. Han har tidlegare utgitt ei rekkje bøker frå perioden, m.a. band 5 i Aschehougs Norgeshistorie (1995) og band 2 i Danmark-Norge 1380-1814 (1997).
Alaotsikko
12 portrett frå dansketida
Kirjailija
Øystein Rian
Painos
1
ISBN
9788252166910
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
700 grammaa
Julkaisupäivä
6.6.2007
Kustantaja
Samlaget
Sivumäärä
333