Siirry suoraan sisältöön
Fogderifylket Møre og Romsdal
Tallenna

Fogderifylket Møre og Romsdal

nykynorja (nynorsk)
Møre og Romsdal, som ofte blir omtalt som eit fogderifylke, har vore kjenneteikna av ei rekke langvarige og utfordrande konfliktar mellom dei tre tidlegare fogderia Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Mange har vist til interne kulturelle, administrative og økonomiske interessekonfliktar mellom fogderia i fylket gjennom fleire hundre år. Media, politikarar og andre samfunnsaktørar har hevda at den såkalla fogderistriden framleis gjer seg gjeldande også i våre dagar. Målet med denne boka er å undersøke identitetar, kultur, konfliktar og samarbeid i Møre og Romsdal, som ligg som eit kulturgeografisk grenseland mellom Vestlandet, Austlandet og Trøndelag. I kva grad er dei historiske skiljelinene og konfliktane samtidsaktuelle faktorar? Boka er basert på eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Nordmøre museum, Viti og Nynorsk kultursentrum. Forfattarane arbeider ved dei nemnde musea. Redaktør Mads Langnes (dr.philos.) er førstekonservator ved Romsdalsmuseet. Han er også ansvarleg for fellestenesta for forsking for musea i Møre og Romsdal, redaktør for årboka til Romsdalsmuseet og har tidlegare gitt ut ei rekke bøker og artiklar om agrarhistorie, rettshistorie, administrasjonshistorie og kulturhistorie.
Toimittaja
Mads Langnes
Painos
1
ISBN
9788283051339
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
640 grammaa
Julkaisupäivä
28.9.2022
Kustantaja
Museumsforlaget
Sivumäärä
222