
Farvel, odel
Då odelsguten døydde, tok farmora til Eva Aalberg Undheim over garden. Etter to år gjorde nevøen hennar krav på eigedomen, og farmora stod utan juridiske rettar. Femti år seinare splittar denne striden framleis slekta.
Målet med odelsloven er å halde jordbrukseigedomar innanfor slekta og bidra til stabilitet og føreseielege vilkår for både folk, jord og drift.
I denne boka møter vi fleire som har erfart at odelsloven ikkje berre kan splitte familiar og gje urimelege og uheldige utslag for den enkelte, men òg bidra til å undergrave dei same måla han er tenkt å fylle. Korleis vart det slik? spør Eva Aalberg Undheim og ser på odelslovens utvikling dei siste femti åra.
Medan Undheim arbeidde med boka, vart det ny strid om garden farmora mista. Lesaren følgjer den opprivande kampen.
- Alaotsikko
- Om odelskonfliktar i ei ny tid
- Kirjailija
- Eva Aalberg Undheim
- Painos
- 1
- ISBN
- 9788234016394
- Kieli
- nykynorja (nynorsk)
- Paino
- 446 grammaa
- Kustantaja
- Samlaget