Eit praktisk menneske
Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv?
Eit praktisk menneske er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?
- Alaotsikko
- Roman
- Kirjailija
- Kjersti Rorgemoen
- Painos
- 2
- ISBN
- 9788205553835
- Kieli
- norjan nynorsk
- Paino
- 91 grammaa
- Sarja
- Semikolon
- Julkaisupäivä
- 22.4.2021
- Kustantaja
- Gyldendal Norsk Forlag AS
- Sivumäärä
- 86
