Siirry suoraan sisältöön
Dropshjarte
Tallenna

Dropshjarte

Kirjailija:
sidottu, 2025
nykynorja (nynorsk)
Dropshjarte er det andre bindet i Jóanes Nielsens forteljing om dei færøyske slektene Brahmadellane og Tvibur, ei krønike som godt og grundig blandar fiksjon og verkelege hendingar i nyare færøysk historie.

Dropshjarte er ei forteljing om familieband og vennskap, kjærleik og hat, sex, kristendom og djevelskap, medynksdrap, færøyske nazisympatisørar, sandsuging og sledehundmassakre i Grønland, ei okkult Forbannarsekt, eit bombeattentat mot Lagtinget, ei skipsulykke, rabbinarbesøk i bygda Sumba, berserkgang i Klaksvík – og eit møte med Den vonde sjølv.

Omdreiingspunktet i forteljinga er forfattaren Eigil Tvibur som har genar frå både Brahmadell- og Tviburslekta. Eigil er valdtektsbarn, unnfanga da broren til farfaren hans valdtok niesa si i eit fjøs i Sumba, og han kjempar ein stadig kamp for å forsone seg med seg sjølv og med sitt opphav. Han har på same tid eit ømt og eit brutalt sinn – og eit temperament som innimellom bringer han opp i trøbbel.

Jóanes Nielsen er ein færøysk forfattar. Han debuterte i 1978 med diktsamlinga Den trettande månaden (Trettandi mánaðin), og har sidan skrive ti diktsamlingar, fem romanar, tre skodespel, to essaysamlingar og en novellesamling. Dropshjarte er andre bind i tetralogien Ei nordatlantisk krønike.
Kirjailija
Jóanes Nielsen
Kääntäjä
Lars Moa
Painos
1
ISBN
9788281046559
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
535 grammaa
Julkaisupäivä
4.12.2025
Kustantaja
Orkana
Sivumäärä
374