Siirry suoraan sisältöön
Diktatoren
Tallenna

Diktatoren

«Kvar den som er av sanning, høyrer mi røyst», seier Jesus. «Kva er sanning?» svarar Pontius Pilatus. Som vi veit, sigra Jesus Kristus pa° krossen i det romerske imperiet. Er suverenitet personleg som hja° Jesus? At ein i eitt einaste blikk, med eitt einaste ord, kan oppheve heile samfunnsordenen?
 
Politisk teologi handlar om evna til a° vere diktator. Tanken om eit suverent diktatur ubunde av juridiske fullmakter oppsta°r for alvor i mellomkrigstida. Carl Schmitt, som var Hitlers «kronjurist», hevdar dette synet. Hans Kelsen tek det motsette synet og vil kvitte seg med suvereniteten, den til folket òg, som han meinte førde til imperialisme og krig. Han inntek Pilatus’ posisjon. Denne boka fylgjer dei ba°e.
 
Personleg suverenitet var heilt avgjerande for ba°de USAs og Vestens erobring av verda. Som antiimperialistisk motstand oppstod ein ny personleg suvere´n i form av partisanen. Denne verdssoga råmar inn striden mellom Schmitt og Kelsen i boka.
 
Nils Rune Langeland (f. 1964) er historikar. Han har skrive Siste Ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1905, essaysamlingane Kveldseta og Noreg, forutan reiseskildringane Europa. Ei krossferd og Frihetens grense. En reise langs Natos nye frontlinje.
Alaotsikko
Vestens politiske teologi
Painos
1
ISBN
9788293934486
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
310 grammaa
Kustantaja
Existenz forlag