Siirry suoraan sisältöön
Då Ivan Iljitsj døydde
Tallenna

Då Ivan Iljitsj døydde

Kirjailija:
nykynorja (nynorsk)
Lev Tolstoj er ein bauta i russisk litteratur, og forfattaren har dessutan påverka moderne litteratur verda over. Anton Tsjekhov, James Joyce, Virginia Woolf, Marcel Proust, William Faulkner – alle desse hylla han som ein av dei fremste forfattarane gjennom tidene. «Då Ivan Iljitsj døydde» (1886) er ei lita perle av ei bok, som ofte har drukna i merksemda rundt dei store romanane Tolstoj er kjend for. Men denne langnovella er noko av det mest personlege han skreiv. Den nådelause skildringa av det uekte, overflatiske livet som Ivan Iljitsj har levd, verkar moderne - nesten samtidig. Utan høflege omsyn til lesaren, viser Tolstoj fram sjukdommen og døden i all si gru. Korleis leve eit meiningsfullt liv med den meiningslause døden som det einaste heilt sikre? Spørsmålet er like essensielt snart halvtanna hundreår seinare.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Kirjailija
Lev Tolstoj
Kääntäjä
Geir Pollen
Painos
1
ISBN
9788279593591
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
144 grammaa
Julkaisupäivä
21.3.2023
Kustantaja
Skald
Sivumäärä
97