Barnestjerner
Korleis ser idrettshistoria ut viss ein leitar etter borna? Korleis blir historia om born i Noreg viss ein bruker idretten som døropning inn? Då får ein auga på balanserande born som presterte stort i norske byar gjennom heile 1800-talet. Då oppdagar ein at leik ikkje kan forbindast berre med uskuldig moro. Og kanskje kjem ettertanken at barn ikkje berre har godt av rettar, men av å vera til nytte.
Med lydboka «Barnestjerner» presenterer Gudmund Skjeldal – kjent for bøkene om Nordahl Grieg, Bergens Tidende og Wimbledon – ei historie ingen har fortalt før. Han fortel både med etterrettelegheita til faghistorikaren, og med ønsket essayisten har om å skapa refleksjon. Han spør seg om borna har godt å bli organisert i stadig tidlegare alder. Har leiken det?
«Barnestjerner» – er engasjerande historieforteljing som set samtida i skarpare lys.
- Alaotsikko
- Den underlege historia om born og idrett i Noreg
- Lukija
- Håkon Ramstad
- Kirjailija
- Gudmund Skjeldal
- ISBN
- 9788202914639
- Kieli
- norjan nynorsk
- Julkaisupäivä
- 5.5.2026
- Kustantaja
- Cappelen Damm AS
- Soittoaika
- 12h 29min
