Siirry suoraan sisältöön
  1. Kirjat
  2. Romaanit
  3. Nykyromaanit

Alice A4

Kirjailija:
Sidottu, 2015
norjan nynorsk
33,60 €

Alice bur i ein blokk i drabantbyen med mor og syster si. Ho lengtar vekk frå røtene som held henne fast, og frå eit statisk og fastfrose jente- og kvinneliv. Så møter ho ein som kan ta henne med til ei anna verd, han har bil, og saman køyrer dei nedover Autobahn på jakt etter Wonderland. «Alice A4» går i ein meddiktande, mytologisk og ulogisk dialog med Lewis Carroll si barnebok «Alice i eventyrland» frå 1865. I Bråtveits roman er Alice ei ung jente på terskelen mellom barn og vaksen. Romanen fortel ei både bakvend og rett fram historie om korleis Alice mistar og finn seg sjølv att gjennom det ho håpar og trur er den fyrste store kjærleiken - ein kjærleik ho etter kvart som ho vert eldre, med valdsam kraft prøver å kjempa seg ut or og fri seg frå. Men kvar gong Alice trur seg fri, oppdager ho at ho på nytt er fanga inn av si eiga innbilte frigjering. «Alice A4» syner gjennom språk og innhald at forelskinga har sin eigen absurde logikk, og at kjærleikens vegar er uransakelege. Bråtveit skriv med stor kraft om kjønn, klasse, makt og raseri.

Kirjailija
Inger Bråtveit
Painos
1
ISBN
9788249510542
Kieli
norjan nynorsk
Paino
358 grammaa
Julkaisupäivä
25.8.2015
Sivumäärä
236