Siirry suoraan sisältöön
Å studere argumentasjon
Tallenna

Å studere argumentasjon

nykynorja (nynorsk)
Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Samstundes eksisterer det mange ulike tilnærmingar ein kan bruke for å forstå, analysere og vurdere argumentasjon. Denne boka gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane. Kjersti Maria Rongen Breivega er professor ved Høgskulen på Vestlandet. Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium. Se flere utgitte og planlagte bøker i .
Painos
1
ISBN
9788245045314
Kieli
nykynorja (nynorsk)
Paino
431 grammaa
Julkaisupäivä
10.7.2024
Kustantaja
Fagbokforlaget
Sivumäärä
256