Gå direkt till innehållet
  1. Böcker
  2. E-böcker & ljudböcker

Verda mi smeltar

norska nynorska
357 kr
Lägsta pris på PriceRunner

I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet. Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar? På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane. Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.

Undertitel
Å leve med klimaendringar på Svalbard
Upplaga
1
ISBN
9788234002328
Språk
norska nynorska
Utgivningsdatum
2020-04-16

Verda mi smeltar - Line Nagell Ylvisåker - E-bok (9788234002328) | Adlibris Bokhandel