Gå direkt till innehållet
Røff guide til Bibelen
Røff guide til Bibelen
Spara

Røff guide til Bibelen

Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
Läs i app eller ladda ned
Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at profeten Daniel blei send i løvehola som følgje av politisk maktkamp? Bibelen er både verdslitteratur og heilag skrift, den mest utbreidde boka på jordkloden. Bibelen er trusgrunnlaget for over to milliardar kristne og ein grunnstein i den vestlege sivilisasjonen. Også her i Noreg har Bibelen sett eit tydeleg preg på språk, kultur og samfunnsliv. Men veit vi eigentleg kva som står i han? Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Du kan ikkje alt om Bibelen etter å ha lese denne boka, men du kan ganske mykje meir enn dei fleste. Alf Kjetil Walgermo (født 1977) er journalist og forfattar. Han jobbar som kulturredaktør i Vårt Land, og har skrive fleire kritikerroste bøker for barn, ungdom og vaksne.
Upplaga
1
ISBN
9788252192889
Språk
Norska (nynorsk)
Utgivningsdatum
2017-08-22
Förlag
Samlaget
Tillgängliga elektroniska format
  • Epub - vattenmärkt
Sidor
377
Läs e-boken här
  • App
  • Läsplatta
  • Dator