Gå direkt till innehållet
Prosessen
Spara

Prosessen

Författare:
nedladdningsbar mp3, 2025
Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
Lyssna i vår app eller ladda ned
Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romanane frå det tjuande hundreåret. Verket er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Denne kritikarroste nynorske utgåva er omsett av Jon Fosse. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir ein urovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattaren døydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggje dei uferdige manusa hans. Men Brod følgde ikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brods utgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast. Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjend utanfor heimbyen Praha, men frå seint i 1920-åra påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda, og særpreget i forfattarskapen var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne kafkask, og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein kafka-prosess.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Författare
Franz Kafka
Uppläsare
Anderz Eide
Översättare
Jon Fosse
Upplaga
1
ISBN
9788279594093
Språk
Norska (nynorsk)
Utgivningsdatum
2025-10-08
Förlag
Skald
Tillgängliga elektroniska format
  • MP3 - i en fil
Speltid
6tim 51min
Lyssna här
  • Adlibris app
  • Dator