Gå direkt till innehållet
Ole Bull og folkemusikken
Spara

Ole Bull og folkemusikken

inbunden, 2010
Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
På Ole Bull si tid var spelemenn musikantar som spela i bryllaup, på marknadene og til fest og dans. Ole Bull tok folkemusikken på alvor og opna for nye arenaer og tilhøyrarar. Verdsstjerna Ole Bull gav hardingfelemusikken og spelemennene ein plass på scena. Han stimulerte dei til å stå fram med slåttemusikken og til å forme tradisjonsstoffet for scenisk bruk. Spelemennene tok tak i det nye formatet og skapte sin eigen konsertmusikk. I tida før og etter førre hundreårsskiftet blei denne musikken, som på den tid blei kalla «nasjonalmusikk», populær og ein viktig del av nasjonsbygginga i Noreg. Spora etter Ole Bull og generasjonen med konsertspelemenn er tydelege i vår tid. I dag spelar unge folkemusikarar for eit stadig større publikum, i mange forskjellige format, og blandar samen ulike stiltrekk og musikkgenrar. Folkemusikken er spel levande. Om forfatterne: Håkon Asheim er førsteamanuensis med musikk hovudfag frå Universitetet i Oslo. Han er tilsett som studieleiar ved Ole Bull Akademiet. Gunnar Stubseid er rektor ved Ole Bull Akademiet. Han har musikkutdanning og magistergrad i etnologi frå Universitetet i Bergen. Boka er støtta med midlar frå Norsk Kulturfond.
Upplaga
1
ISBN
9788241906671
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
830 gram
Utgivningsdatum
2010-10-20
Sidor
240