Gå direkt till innehållet
Namn langs Orkla
Spara

Namn langs Orkla

inbunden, 2021
Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
Orkla utgjer sjølve livåra i eit gammalt kulturlandskap, og stadnamna omkring elva gjev oss verdifulle innblikk i dei fellesskapane som har levd og verka her gjennom tidene. Denne boka byr på ei reise i tekst og bilde nedetter Orkladalen, frå Orkelsjøen på høgfjellet til osen i Orkdalsfjorden. Undervegs stoppar vi opp og ser nærare på noko av det store namnemangfaldet. Stadnamna er merkelappane folk har bruka for å orientere seg i landskapet. Med utgangspunkt i eit utval namn av mange slag - bygder, gardar, elvar og mindre stader - greier forfattarane ut om opphav og tyding og set namna i samband med allmennhistoria. Lesaren kan møte kjende og ukjende stader og lære meir om dialekt, kvar namna kjem frå, og korleis norsk heng saman med andre språk. Båe forfattarane har vakse opp nokre steinkast frå Orkla og arbeider som professorar i nordisk språkvitskap på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Ivar Berg (fødd i Meldalen i 1982) har arbeidd særleg med eldre språkhistorie, mens Stian Hårstad (fødd i Rennebu i 1977) har skrive mest om språkforhold i moderne tid.
Undertitel
Namnehistorie frå Orkelsjøen til Orkedalsøren
Upplaga
1
ISBN
9788283051025
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
880 gram
Utgivningsdatum
2021-10-20
Sidor
196