Gå direkt till innehållet
¡Muxe!
Spara

¡Muxe!

Författare:
Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
Denne boka handlar om genussystemet i Istmo de Tehuantepec. Dette systemet er ein variant av dei fleirgenussystema som fanst over heile Amerika før den europeiske erobringa. Årsakene til at det har overlevd der, ligg i dei økonomiske og politiske djupstrukturane og ikkje minst i habitusen og den sterke sosiale posisjonen til kvinnene. Kjønn, genus og seksualitet er eit dynamisk felt i moderne samfunn, og systemet endrar seg raskt også i istmoen. Den tradisjonelle seksualkulturen blir utfordra på brei front av nye grupper med homoseksuelle menn av den globale typen, av endringar i kvinnerolla, og av mogelegheita for kjønnsstadfestande kirurgi. Men istmoen har framleis ei gruppe transgenusmenn med ei trygg forankring i ei genusblanda rolle som sosiale kvinner utan at dei blir til kvinner. Såleis er området eit fascinerande døme på eit samfunn med heilt andre strategiar enn vårt for å romme menn som vil stige ut av maskuliniteten.
Undertitel
Du treng ikkje å vere kvinne for å vere dame
Upplaga
1
ISBN
9788230402665
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
570 gram
Utgivningsdatum
2020-10-20
Sidor
417