Gå direkt till innehållet
Medborgar
Spara

Medborgar

Författare:
Norska (nynorsk)
Lägsta pris på PriceRunner
Lovprist vitnesbyrd om vår tids rasisme. Ein annan venn seier at du må lære deg å ikkje absorbere verda. Ho seier at ho av og til kan høyre si eiga røyst seie stille til kven det skulle vere: Det du seier der, det aksepterer eg ikkje. Vennen din nektar å bere det som ikkje høyrer henne til. Å vere medborgar er ei forventning om at du skal delta, sjølv om samfunnet du lever i, fengslar, skadar og drep kroppar som ser ut som din. «Medborgar» er eit litterært vitnesbyrd over korleis rasismen til dagleg gjennomsyrar livet vårt, og er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra. Med ei blanding av poesi, prosa, essay og bilete naglar Claudia Rankine fast erfaringa med å bli gjort til den andre og utfordrar forståinga av kva det vil seie å vere medborgar, med døme frå framgangsrike personar som Serena Williams og Zinedine Zidane, frå TV og frå dagleglivet - i køen i matbutikken, i klasserommet, på jobben. Gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Christina Lundestad Joof. Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi..
Undertitel
Eit amerikansk dikt
Författare
Claudia Rankine
Upplaga
1
ISBN
9788252193114
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
320 gram
Utgivningsdatum
2018-09-26
Förlag
Samlaget
Sidor
176