Gå direkt till innehållet
  1. Böcker
  2. Barn & ungdom
  3. 0-3 år

Kyrkjeboka mi (nynorsk)

Författare:
Inbunden, 2020
norska nynorska
153 kr
Lägsta pris på PriceRunner

Kyrkjeboka mi er tenkt som utdelingsbok for fireåringar i kyrkja. Ho er tematisk delt inn i fire delar, retta mot kvar årstid. Ho startar med våren, men ein kan også starte med den delen som passer best til årstida som boka vert delt ut. Vi følgjer venene Astrid, Sara og Sigurd gjennom eit heilt år. I barnehagen, heime, hos kvarandre, på tur i skogen og i kyrkja. Saman utforskar dei verda og deler både sorger og gleder. Går det verkeleg an å ha ein hemmeleg ven? Og kven kan eigentleg hjelpe oss når vi går oss bort? Kven skal redde fiskane i havet, om vi ikkje gjer det sjølv? Boka følgjer årstidene og høgtidene i kyrkja, med forteljingar om Jesus, om skapinga, ei kveldsbøn og nokre kjente songar. Forfattar Sindre Skeie har skrive ei fengjande og varm fortelling om å vere fire år. Sindre skeie er prest, salmediktar, komponist og forfattar.

Författare
Sindre Skeie
Illustratör
Henning Trollbäck
Upplaga
1
ISBN
9788282493604
Språk
norska nynorska
Vikt
300 gram
Utgivningsdatum
2020-02-28
Sidor
55