Gå direkt till innehållet
Kvifor vart det slik?
Spara

Kvifor vart det slik?

Lägsta pris på PriceRunner

Kvifor vart det slik? er ei ny framstilling av dei lange linene i noregshistoria. Boka er lett tilgjengeleg og eignar seg særleg for lærarutdanninga og historiestudia. Framstillinga spenner heilt frå steinalderen til 2020, og byggjer på nyare forsking om norsk historie. Forfattarane går gjennom demografisk, økonomisk, politisk, sosial og kulturell historie for å visa korleis det vi kjenner som det norske samfunnet i dag har vorte til.

Forminga av Noreg som stat og nasjon er sentrale tema i boka. Medan det i dag kan arta seg som opplagt at det skulle dannast ein norsk stat på det territoriet vi kjenner som norsk, viser forfattarane at denne utviklinga langt frå var noko sjølvsagt. Nøkkelomgrep som nasjonsbygging, modernisering, demokratisering og globalisering synleggjer korleis det moderne Noreg har vorte til. Eksempel på historiebruk og historisk forståing knyt innhaldet til historiedidaktikken. Boka inneheld òg arbeidsoppgåver som kan brukast i undervisning.

Sjølv om det særleg er studentar som er målgruppa for boka, kan ho lesast med utbyte av alle som vil ha ei komprimert og lett tilgjengeleg framstilling av norsk historie.

Undertitel
Norsk historie gjennom 10 000 år
Redaktör
Dag Hundstad
Upplaga
1
ISBN
9788202517502
Språk
Norska (nynorsk)
Vikt
1132 gram
Utgivningsdatum
2021-03-12
Sidor
426